0

Anmeldelse: The Splatters

Herlig fysikkbasert moro

En kreativ utfordring for de små grå.

Herlig fysikkbasert moro

[Gamer.no] Kort fortalt er The Splatters Angry Birds med fysikk og utfordring. Så enkelt kan det gjerast. I staden for å kaste sinte fuglar på slemme grisar, bjelkar og blokker, skal du her skyte geleaktige dyr mot diverse bomber. Det estetiske er kanskje ikkje like slåande som det vi finn i den finske suksessen, men det er likevel sjarmerande nok til at auga får noko å kose seg med.

Her er det på alle måtar innhaldet som tel. Det er ballkasting for vidarekomne og i staden for å berre slenge desse geleklumpane framover med forskjellige vinkel og styrke, er det mange andre element som spelar inn når bombene skal sprengast. Utgangspunktet er enkelt. Vi får servert diverse brett som alle byr på diverse sklier, klossar og avspring, og du må finne ut korleis du skal kome deg fram og tilbake over det todimensjonale brettet for å helst få tre av tre stjerner. Både bomber og geleklumpar kjem i forskjellige fargar, og ein blå geleklump kan til dømes berre sprenge blå bomber.

Du brukar verken rampe eller kanon, men sender dei ut frå staden dei står på, og herifrå stig både underhaldningsverdien og utfordringa i eit høgt tempo. I starten skal du berre sende klumpen mot ei bombeklyse før du sprenger og spreiar fargerik væske utover bombene. Etter kvart får du tilgang på fleire små triks du gjer lurt i å bruke flittig om du vil kome nokon veg.

Midtvegs i eit hopp kan du stogge tida, skifte retning, og sende klumpen inn i ei sklie som elles hadde vore utilgjengeleg. Ved utgangen av den kan du skifte retning ein gong til, og eventuelt sende klumpen rett inn i nokre piggar som får klumpen til å løyse seg opp og regne ned mot bakken. Konseptet er såre enkelt, og det er nettopp det som gjer det så vellukka.

Her gjeld inga fartsgrense.
Her gjeld inga fartsgrense.

Bitande utfordring

Vi får servert alle verkty på løpande band, og det tek ikkje lang tid før du har ful oversikt over kva du kan gjere. Spelet består i hovudsak av tre delar, og ei lang rekke utfordrande brett. Den første er ein solid og informativ oppløringsmodus som gjev deg eit godt innblikk i alle tenkjelege problem du kan bli utsett for. Så snart denne biten er over låser to nye modusar seg opp. Dei fungerer på same måte som opplæringa, men dei krev mykje meir av deg og har gjerne fleire forskjellige krav for kva du må gjere for å kome deg vidare. Det er ikkje alltid nok å berre sprenge bombene. Ofte må du i tillegg bruke heilt spesifikke teknikkar, og dette gjev deg enda meir å tyggje på.

The Splatters har ei glimrande utfordringskurve, og utviklarane har sørgja for at du aldri møter noko du ikkje er klar for. Det betyr på ingen måte at spelet blir enkelt, men du møter aldri noko så vanskeleg at du ikkje innerst inne finn svaret. Kvar gong du klarar noko blir du dytta vidare, og den konstant aukande utfordringa sørgjer for at du aldri går på autopilot samtidig som meistringskjensla av å klare strabasane blir større og større.

Bretta blir stadig meir kompliserte.
Bretta blir stadig meir kompliserte.

Konklusjon

Det kan vere lett å undre seg litt over målgruppa til The Splatters, eit spel som held seg til ein sjanger som i seinare år har blitt veldig populær på smarttelefonar, medan nedlastbare konsollspel har utvida seg til å bli meir omfattande og ambisiøse.

The Splatters byr derimot på langt meir enn ditt gjennomsnittlege mobilspel. Konseptet er kanskje enkelt, men spelet er proppfullt med gode idear som har like god gjennomføring. Det startar enkelt med å berre skyte geleklumpar mot bomber, men i eit stødig tempo låser du opp eit repertoar av teknikkar som let deg løyse alle tenkjelege fysikkproblem som måtte kome i vegen for deg. Det einaste som eigentleg står mellom deg og dei tre fagre stjernene du får for perfekt gjennomføring er kreativ og smart tenking.

Om det freistar med ei kreativ utfordring som får dei små grå til å bryne seg litt, er The Splatters eit glimrande val.

The Splatters er berre i sal via Xbox Live Marketplace.

Dom: 8/10 SVÆRT GODT

Vil du vite mer?
Les hele anmeldelsen av The Splatters på Gamer.no »

Kommentarer (0)

Til toppen