1

PlayStation Vita

Kan denne vinne over mobilspela?

Sony prøver å ta innersvingen på Nintendo og mobilspela med sin nye berbare spelkonsoll.

Kan denne vinne over mobilspela?

[Gamer.no]: Om det er nokon der ute som innbiller seg at framtida til PS Vita er rein plankekøyring med topplasseringar over heile fjøla, er eg redd dei bør skru fast topplokket litt. Dette er kva vi kan kalle alvorets time. Det eit heilt spesielt klima som no ventar Sony sitt nye vidunderborn. Etter fleire år med smarttelefonar som et opp marknadsandelar frå tradisjonelle mobile plattformer som PSP og Nintendo DS, til fordel for lett fordøyelege spel som Angry Birds.

Det er strengt tatt ikkje maskinvare, funksjonalitet eller spelbiblioteket eg er mest spent på akkurat no. Eg er spent på å sjå om marknaden for nok ein lekker og målretta portabel spelkonsoll framleis eksisterer. Nintendo 3DS har gjort det greitt, men ikkje fantastisk, og det er tydeleg at folk flest vil ha ein dings i lomma som gjer alt, ikkje berre spel. Er folk villege til å punge ut for ein miniversjon av det dei elles kunne ha spelt på ein stor skjerm, tusenvis av spel er tilgjengelege for nokre kroner på mobilane deira?

Les også: Vi har prøvd PlayStation Vita

PS Vita i all si prakt. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)
PS Vita i all si prakt. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Utklassing?

Sony har ikkje nokon illusjonar om å gjere alt med PS Vita. Dette er ei spelmaskin, ingenting anna. Den er laga for dei som allereie er storkonsumentar av spel, og i staden for å lage ein multimediahub som har som definert mål å gjere alt heile tida, får vi ei kraftig spelmaskin som aldri legg skjul på at spela er det viktigaste, sjølv om du kan bruke den om multimediahub om du vil.

Storleiken er eit anna punkt som gjer det heilt tydeleg at mannen i gata ikkje er målgruppa til Sony. Dette er ikkje ei maskin som glir lett ned i lomma. Den er på ingen måte slank og smidig, og med to utstikkande analogstikker er eg konstant redd for å putte den ned i noko som helst utan ein trygg pose rundt. Maskina er enorm. PSP ser ut som ein dverg i samanlikning, men så snart du plukkar den opp er det lett å lure på om ein har fått den kjipe utstillingsmodellen utan innmat. Med ei patetisk vekt på 260 lusne gram er det som å løfte ei fjør, og den bør altså gli lett ned i ein bag eller ei veske utan å trykkje på skuldra di.

Mykje å ta i, mykje å bli glad i

Sjølv med solide mengder plast er definitivt ikkje innmaten billeg. Dette er ei maskin som kombinerer det beste frå alle verder. Om du likar speling på smarttelefonen din er det ingenting i vegen for at du skal kunne få nøyaktig dei same opplevingane her etter kvart som nettbutikken utvidar repertoaret ditt. Med den massive og krystallklare OLED-skjermen vil du ikkje ha mange grunnar til å gå tilbake til iPhone etter ein svingom med dette beistet.

På baksida finn vi derimot noko ganske nytt gjennom eit trykksensitivt panel som blir flittig brukt i fleire spel. No har eg ikkje kome meg gjennom alt av lanseringsspel til Vita enno, men det er ingenting ved dette panelet som så langt har imponert stort. I staden byr det på ein ekstra kontrollmekanikk som saman med trykkskjermen, stikker, knappar og gyroskop byr på ei uhorveleg stor mengde med forskjellige måtar for utviklarane å skape nye opplevingar på.

Tidvis blir det litt trongt om plassen. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)
Tidvis blir det litt trongt om plassen. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Spela bestemmer framtida

Framtida kan absolutt vere lys for PS Vita. Det er ei fenomenal «lita» maskin som byr på meir kraft enn vi nokon gong har sett i portabelt format. Den byr på eit mylder av forskjellige kontrollmåtar, og det vil bli uhyre spanande å sjå kva utviklarane gjer med alt dei har til disposisjon.

Maskina er kjapp, den er lett å navigere, og trass sin ganske massive storleik er den (nesten) lett som ei fjør. Den er derimot ikkje like lett å ta med seg som andre alternativ. Skal du putte den i bukselomma skal du ha bra store lommer, men så lenge du har ei romsleg jakke eller ein bag å putte den i vil du ikkje merke stort til den.

Det alt står og heng på no er strengt tatt to ting: Er folk interesserte nok i ei dedisert portabel spelemaskin, og vil spela innfri?

PS Vita er i sal frå 22. februar.

Vil du vite meir?
Les heile testen av PlayStation Vita på Gamer.no »

Sony Playstation Vita

Sony Playstation Vita

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: desember 2011
  • Farge: Sort
  • Bluetooth-versjon: Versjon 2.1
  • Proprietært minnekort: Ja
  • Prosessorkjerner: 4
  • WLAN-standard: 802.11b (11 Mbit/s)
  • Produsent: Sony

Se alle spesifikasjoner

Beste priser På lager

Se alle priser (11 stk)

Kommentarer (1)

Til toppen